Ny rekord for Kjøtt & Stål

Arrangørane Inger Endal (t.v), Ivan Pizarro Skodje (under) og Lazar Šibull (over) var svært nøgde med arrangementet.

Arrangørane Inger Endal (t.v), Ivan Pizarro Skodje (under) og Lazar Šibul (over) var svært nøgde med arrangementet. Foto: Mats Fredrik Heigre


For mange er studentklubben Stærkars arrangement Kjøtt & Stål mest forbundet med Vinterfestuka. I år slo klubben på stortromma og hadde eit bonus-arrangement midt i fadderuka, og det med rekordoppmøte!

Tekst og foto: Mats Fredrik Heigre


Klokka slår 12 og lukta av grillmat siver inn i campus på HiN. Redaksjonen i Origo veit godt kva dette betyr, og få minutter seinare nytes mat i godt selskap med Stærkar.

30 kg kjøtt

Det er nemleg det som må til når svoltne treningsnarkomane skal trene i solsteiken. Lazar Šibul viser fram utvalet av burger, pølser, grillribbe og anna snadder som vart delt ut gratis til alle som tek seg ei kjapp treningsøkt med vektene arrangørane har satt opp. For å få til arrangementet kan leiar Ivan Pizarro Skodje  fortelle oss at dei i år har fått mat frå frå NSS, SPIN og Fadderordninga til å dele ut. Kudos til dei!

«K&S pleier å være en bedagelig affære hvor alle får trent og spist, inkludert arrangørene, denne gangen gikk det i ett» – Inger Endal

Tidligare har Kjøtt & Stål berre blitt arrangert i Vinterfestuka, men ser me på oppmøtet vert det neppe siste gong du får servert gratis grillmat i fadderukene av Stærkar!
«K&S pleier å være en bedagelig affære hvor alle får trent og spist, inkludert arrangørene, denne gangen gikk det i ett» uttalar økonomiansvarleg i klubben, Inger Endal seg om fredagens begivenheit. Truleg kan dette skyldes på mange nye engasjerte studentar og ein vellykka messedag i forkant.

30kg kjøtt seinare er dei aller fleste mette

30kg kjøtt seinare er dei aller fleste mette. Foto: Mats Fredrik Heigre

Origo ønsker klubben til lykke med eit nytt semester! Om du er på jakt etter stål, svette og tårer finner du klubben på bomberommet på skulen, eller ta kontakt med styret på staerkar@samfunnet.no

https://samfunnet.no/staerkar

Legg igjen en kommentar