I bølgene med Friluftsgruppa!

Eing gjeng glade seler! Foto: Friluftsgruppa ved HiN

Ein gjeng glade seler! Foto: Friluftsgruppa ved HiN

Ute uler vinden mellom hyttene, og havet koker i den regntunge natta. Det er laurdags kveld på Unstad, og stemninga er på topp i friluftsgruppa etter ein lang dag med surfing i bølgene.

Tekst/Foto: Mats Heigre


Nokon gong prøvd surfing? Det var det nemlig få som hadde då Friluftsgruppa arrangerte surfetur til Unstad i Lofoten i helga!

Slett ikkje alle har høyrt om Unstad, men for de fleste surfarar har denne lille staden på vestkysten av Lofoten ein heilt spesiell plass i hjartet deira. Her er det mogleg å oppleve bølger i verdsklasse, og det på verdas nordligste surfeskule!
Det er ikkje fyrste gong Frilutsgruppa besøker Unstad. Sist var i 2011, og årets styre følte det var på høg tid at det vart arrangert ny tur!

Med eit billettsalg som vart utsolgt på rekordtid, var 23 studentar klare for ei heftig helg saman på Unstad Arctic Surf Camp. Medan dei fleste ordna seg med bil, var det også nokre som våga seg med buss for å gå den siste mila til campen. For dei som hadde dratt tidleg på fredags-morgonen frå Narvik, var det mogleg å få prøve litt surfing på denne dagen. Dessverre var forsøket prega av små bølger, men alle vendte tilbake med store smil om truten og gira på å få testa bølgene på laurdagen!
Kvelden vart avslutta med Jegergryte og litt godt i glasset. Stemning!

Stemingsrapport frå fredagskvelden. Foto: Mats Heigre

Stemingsrapport frå fredagskvelden. Foto: Mats Heigre

Laurdag – Surfedag og anna kos:

For dei aller fleste var formen på topp på laurdags morgon, og klokka ti var det ut på tur!
Då dei fleste var nybyrjarar og den meldte stormen var i opptog, vart det ikkje mogleg å få surfet på stranda på Unstad. Kursen vart derfor peila mot Flagstad, ei strand som låg meir i ly av vinden ca 45 minutters køyretur unna.

Screen Shot 2015-11-03 at 18.19.15

På tur til Flagstad. Foto: Eirin Fanebust

Etter ein køyretur på 3 timar då det viste seg at me hadde gløymt tørrdraktane på Unstad, brant det etter å komme seg ut i bølgene! Nokre liter sjøvann i magen på dei fleste, og mykje sjøsprøyt i fjeset var det som måtte til før fleire klarte å mestre balansekunsten. Det vart også observert fleire spenstige teknikkar, nokre meir glamorøse enn andre.

Det var store smil som vendte tilbake til campen når mørket byrja å falle på. Ein fantastisk tacomiddag vart servert før mange fant veien til badstua. Her vart den tradisjonelle Jägermeister-flaska opna medan stormen reiv i alt han kunne få tak i utanfor. Det heftige været utanfor satte også sitt preg på stemninga på festen som etterkvart utvikla seg i hytta.

Friluftsgruppa er tilbake neste år!

Fleire bileter kan sjåas under.

For kommande arrangement i Friluftsgruppa kan du sjekke ut årsplanen her.
Friluftsgruppa på Facebook

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s