Oppdrag Troms 2015

Deltakerne på Oppdrag Troms 2015. Foto: Simon Eriksen

På ein øde stad i Troms fylke, djupt inne i skoddeheimen, samla det seg i helga friluftsinteresserte studentar frå heile landet. Utstyrt med piratflagg, ein oppblåsbar torsk og høg camelback-faktor var studentane klare for å konkurrere.

Velkommen til Oppdrag Troms 2015!

Tekst: Mats Heigre
Foto: Simon Eriksen, Wilhelm Francke, Mats Heigre

For andre år på rad arrangerte Fjellgruppa i Tromsøstudentenes idrettslag (TSI), friluftsarrangementet Oppdrag Troms. Den vakre og ville naturen i Troms fylke trakk i år som året før, med seg studentfriluftsgrupper frå heile landet. Påmeldt denne gongen var også 6 studentar frå Friluftsgruppa ved HiN, Jägermeister

Eventyret starta for mange på torsdagen, kvar det vart ei sosial samling i leiligheta til nokre av studentane i NSI på kvelden. Vidare var det moglegheit for overnatting i klatrehallen på Kraft, sjølvsagt med medfølgande klatreutstyr for de som følte de hadde energi til overs etter ein dag med reise frå alle kantar av landet.

På fredagen vart det køyrt buss til Skibotn Feltstasjon, eit nordlysobservatorium som ligg snarare 1.5 times køyretur utanfor Tromsø sentrum. Med majestetiske fjell på alle kantar er dette statistisk sett den staden i Troms fylke med minst skyer. Dessverre var ikkje statistikken god nok denne gongen, så etter leiren var satt opp og 27 kubb-rundar var spelt kom regnet.

Kvelden vart avslutta med middag og utdeling av ein personleg gjenstand til alle laga. Gjenstandane var alt frå ein el-gitar til ein oppblåsbar torsk, kvar spesielt sistenemnte vart ein stor hit.

Lagoppsett. Foto: Wilhelm Advocaat Francke

Lagoppsett. Foto: Wilhelm Advocaat Francke

Laurdag var det duka for hovudkonkurransen, og klokka 08:30 vart laga sluppet inn i frokostlokalet kvar den ukjente oppgåva venta. Ein konvolutt på kvart bord skjulte eit kart over området, ei liste med koordinatar, tursnacks og masse kondomar. Her var det tid for kos! Etter litt tenking var alle laga i god gang med å tegne inn koordinatane på kartet. Niste vart smørt, ein kopp kaffe slukt saman med frokosten. Ut på tur!

Post Rastepuz. Foto: Mats Heigre

Post Rastepuz. Foto: Mats Heigre

Turen, beregna på å vare 10 timar i fjellet, byrja på ca 125 moh., med de høgaste toppane ruvande på 1270 moh. Berre nokre av laga nådde toppane, då mange møtte dårleg vær på tur oppover. På ca 780 moh. hadde arrangørane satt opp post med kakao, kaffe, akevitt og Ratzeputz. Posten hadde sjølvsagt namnet Ratzeplassen.

Av bonuspostar var det og mogleg å få teste ut temperaturen på fjellvatnet i Troms. Ei kald fornøyelse! Til slutt var det laget Titsklemma som stakk av med lagseieren, men ein enkel person måtte og kåres. Etter både quiz, «lag eit bål og kok 0.5l vatn på kortast mogleg tid» og bordbuldring, var det medlem av Friluftsgruppa ved HiN, William Evje Nodland som kunne dra heim med ein gassbrenner, heder og ære.

Vinnerlaget, Titsklemma. Foto: Mats Heigre

Vinnerlaget, Titsklemma. Bv. Andreas Grumstad, William Evje Nodland. Fv. Ruth Lee, Hanne Rismoen FJeld, Miriam Malén Aanensen. Foto: Mats Heigre

Ein herlig middag beståande av bidos vart servert medan Fredrikke Fjellbu og Sverre Enitch fremførte herrenes og kvinnenes tale. Som avslutning på arrangementet fant Friluftsgruppa ved HiN (populært kalla Jägermeister) fram ei flaske med gruppas maskot som kurerte både eventuelle forkjølelsar som hadde oppstått på fjellet, og toppa stemninga.

På søndagen bar turen tilbake til Tromsø by, og for de som ikkje hadde eit fly å nå, fekk moglegheit til å teste ut maten på friluftskafeen Flyt. Her dreide samtalane seg meir og meir over på studentpolitikk og sammarbeidet mellom TSI og Friluftsgruppa ved HiN.

Kanskje får me sjå Oppdrag Narvik i 2016?

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s